Overrekkelsestalen

Tale av leder i Den Norske Nobelkomite
Ole Danbolt Mjøs Oslo, 10. desember, 2003.

©The Nobel Foundation, Stockholm, 2003.
General permission is granted for the publication in newspapers in any language. Publication in periodicals or books, or in digital or electronic forms, otherwise than in summary, requires the consent of the Foundation. On all publications in full or in major parts the above copyright notice must be applied.

Dykkar Majestet, Høgvyrde Kronprinspar, Prisvinnar, Eksellensar, Mine damer og herrar.

“Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2003 skal tildelast Shirin Ebadi for hennar innsats for demokrati og menneskerettar. Ho har særleg engasjert seg i kampen for rettane til kvinner og born.” Dette var den første setninga i komiteen si kunngjering av årets fredspris den 10.oktober. Eg trur kunngjeringa allereie har forandra livet ditt, Shirin Ebadi. Namnet ditt kjem til å lysa i historia til fredsprisen. La oss håpa at prisen også kan inspirera til endringar i ditt kjære heimland, Iran, og i mange delar av verda der dei treng å høyra di klåre røyst. - Og la meg med det same leggje til: Det gjeld også i Vesten. Grunnleggjande verdiar som fridom, rettferd og respekt for menneskeverd vil overalt og til alle tider trengja årvakne og kritiske forkjemparar.

Den store persiske poeten Rumi, eller Maulavi, som iranarane gjerne kallar han, levde på 1200-tallet. Han har ein stad i det store verket Mathnawi eit lite dikt om ein stakkar som blir angripen av ein frykteleg drake. Ein heltemodig redningsmann styrtar til i siste augneblinken, og Rumi kommenterer slik:

I ei verd finst det slike hjelparar, som spring til
Og reddar mennesket som skrik. Som Nåden sjølv spring dei til.

Og dei sviktar ikkje Skulle du spørja ein av dei: “Kvifor kom du så raskt?”, ville han eller ho svare:
“Fordi eg høyrde kor hjelpelaus du var.”

Ein annan av dei store persiske poetane, Sa'di frå Shiraz, som også levde på 1200-tallet, seier i det berømte verket Rosehagen - Golistan - at den som er likegyldig overfor andre sine lidingar, sviktar det sant menneskelege.

Kjære Shirin Ebadi,
Du og det iranske folket står i tradisjonen frå Sa'di og Rumi. Du er både vegvisar og brubyggjar. Du arbeider for å knytta menneske saman på tvers av kultur, rase og religion! Det er adelsmerket ditt!

Den norske diktaren Arne Paasche Aasen skreiv i 1946 det nydelege diktet “Din ungdom” - om å vera ung av sinn - der han mellom anna seier:

Nå roper en verden: Vi trenger ditt hjerte,
din evne, ditt brennende sinn!
Og fikk du din ungdom til odel og eie,
så bruk den -. Sett kreftene inn.

Kjære Shirin Ebadi,
Du er ung av sinn. Du har rike evner. Du har eit varmt hjarta. Du er djerv. Vi beundrar innsatsen din. Verda treng deg!

Gratulerer med Nobels fredspris for 2003! Den Norske Nobelkomite er overtydd om at fredsprisen kjem til rett person, til rett tid og til rett stad. Då direktøren på Nobelinstituttet ringde heim til Ebadi i Teheran for å fortelja den glade nyheita, svara mannen hennar at kona var i Paris og ikkje lett å nå - ho hadde gløymt mobiltelefonen heime. - I alle høve, bodskapen om at du hadde fått Nobels fredspris nådde deg raskt i Paris, og konferansen braut saman i ellevill jubel. Du visste ikkje eingong at du var nominert til Nobels fredspris, har vi fått høyre i ettertid.

Sidan strøymde reaksjonane på. Ikkje alle kjende namnet ditt. Men verda forstod med det same kva komiteen meinte: Alle menneske har krav på grunnleggjande rettar. Og i ei tid der islam blir demonisert i vide krinsar i Vesten, ønsker Den Norske Nobelkomite å understreka kor viktig og verdfullt det er med dialog mellom menneske og mellom sivilisasjonar. Dette er eit ønske dei fleste menneske deler. Derfor har reaksjonane på prisen i år vore så positive, sjølv om vi forstår om du kanskje hadde håpa på nokre fleire gratulasjonar frå myndigheitene i det landet og den regionen du sjølv høyrer til. - Og no er du jo med eitt blitt svært så kjend rundt om i verda!

I dag er du, Shirin Ebadi, her i Oslo Rådhus for å ta imot Nobels fredspris for 2003. Og vi gleder oss saman med deg, den næraste familien din og dei næraste venene dine; mange av dei er her i Rådhuset i dag.

Det er ei stor glede for Den Norske Nobelkomite for første gong i historia å dela ut Nobels fredspris til ei kvinne som høyrer den muslimske verda til og som den verda kan vera stolt av - saman med alle som strir for menneskerettar rundt i heile verda.

Det er vår von at folket i Iran vil kjenna glede ved at ein borgar av landet ditt, for første gong i historia, får Nobels fredspris. Og vi vonar at prisen blir til inspirasjon for dei mange som arbeider for menneskerettar og demokrati i landet ditt, i den muslimske verda og i alle land både i Aust og Vest - over alt der arbeid for menneskerettar treng inspirasjon og støtte.

Shirin Ebadi får altså Nobels fredspris for hennar innsats for demokrati og menneskerettar, og særskilt for hennar kamp for rettane til kvinner og born. Klårt og tydeleg slår ho fast at ho er mot ein patriarkalsk kultur som nektar like rettar for kvinner, for halvparten av innbyggjarane. Men mødrene må også vera medvetne om oppgåvene sine. Det er dei som oppdrar dei unge gutane til menn og som oppdrar jentene til å bli sterke kvinner. Ebadi er grunnleggjar og leiar av Association for Support of Children's Rights in Iran med om lag 500 aktive medlemer. Senteret ligg i Teheran og dei utarbeider opplysingsmateriell til bruk i skulen og driv krisetelefon for born. Nobelkomiteen vonar at tildelinga av fredsprisen til Ebadi vil medverka til å setja born sine rettar i fokus over heile verda.

I eit intervju blir Shiran Ebadi spurt: “Har du ein bodskap til muslimske kvinner?” “Ja”,svarar ho, “kjemp vidare”. “Ikkje tru på at du er tiltenkt ei lågare stilling i samfunnet. Få deg utdanning! Gjer ditt beste og konkurrer på alle områda i livet. Gud skapte oss alle likeverdige. Ved å kjempa for likestilling gjer vi det Gud ønsker vi skal gjera”, hevdar Ebadi. - Og det er verd å merka seg at ved universitetet i Teheran er omlag 60 prosent av studentane kvinner. Samtidig må vi ikkje gløyma kvinnene sine legitime krav om likskap for lova. I forhold til lov og rett må alle stilla likt, og kvinner må ha nøyaktig same rettar som menn. Shirin Ebadi står i fremste rekkje i denne saka. Dette beundrar vi henne for.

Mange har fått dra nytte av Ebadi sin omtanke og arbeidskraft. Ho har tala flyktningane si sak i ein region der dei er så mange, og der dei så sårt treng hjelp. Ho påpeikar også rettane til alle borgarar, uansett religion, etnisk opphav eller politisk syn. Det gjeld også deira rett til frie ytringar.

Som advokat, domar, førelesar, forfattar og aktivist har røysta hennar lydd klår og sterk i hennar land, Iran, og langt utover heimlandet sine grenser. Ho har stått fram med fagleg tyngd, stort mot og ho har trassa faren for eigen tryggleik. Ho er ei folkets kvinne!

Kampen for dei grunnleggjande menneskerettane er hennar fremste arena, og ikkje noko samfunn kan kallast sivilisert utan at rettane til kvinner og born blir respekterte. I ei valdeleg tid har ho konsekvent stått for ikkje-vald. For henne er det grunnleggjande at den øvste politiske makta i eit samfunn må kvila på demokratiske val. Ho legg vekt på at opplysning og dialog er beste vegen til å endra haldningar og løysa konfliktar. Etter år med refleksjon er ho kome til at revolusjon aldri fører til dei endringane dei revolusjonære lovar. Vegen vidare må gå gjennom ikkje-vald og dialog, lov og rett.

Igjen og igjen understrekar åretas prisvinnar at ho er iranar. “Eg er stolt over å vera iranar. Eg kjem til å leva i Iran så lenge eg berre kan,” seier ho. For Ebadi har det vore det same som eit liv i frykt, men ho har lært seg å leva med frykta. Og ho er optimistisk med tanke på framtida. Folk insisterer på å styra seg sjølv. Det er slutt på tida då styresmaktene kunne trua seg til makt. Makthavarane “vil koma til å sjå at at tida for å styra gjennom frykt tek til å nærma seg slutten rundt om i verda. Kvifor skulle Iran vera noko unntak?” - seier ho.

Dei 110 personane og organisasjonane som gjennom åra har fått Nobels fredspris, er høgst ulike. Men ein ting har dei fleste til felles: Dei er optimistar, ukuelege optimistar. Det er optimismen som gjev dei den inspirasjonen som er nødvendig i den kampen dei fører. Mange av prisvinnarane er i tillegg fylt av eit mot som vi knapt kan forstå. Under dei mest utfordrande omstende står dei på, dag etter dag, år etter år.

Shirin Ebadi har risikert mykje. Som advokat fører ho saker for retten som få andre vågar å ta. Ideane hennar spreier seg vidare og vidare. Og for igjen å sitera den norske diktaren Paasche Aasen: du skal vere tru mot din eigen ungdom, “så den åker du pløyer kan gro når din gjerning er gjort.”

Det finst fleire lange liner i den 102-årige historia til Nobels fredspris. I dei siste tiåra er kanskje den aller tydelegaste den stadig aukande vekt som Den Norske Nobelkomite legg på demokrati og menneskerettar. Det kan diskuterast kven som fekk den første fredsprisen innan denne tradisjonen. Var det prisen til Woodrow Wilson i 1919 eller den til Carl von Ossietzky for 1935 eller den i 1951 til den franske fagforeningsleiaren Leon Jouhaux? Sjølv om menneskerettane var ein dimensjon i alle desse tre prisane, var det også andre dimensjonar ved dei. Den første uomtvistelege menneskerettsprisen var kanskje derfor likevel prisen til Albert Lutuli frå Sør-Afrika for 1960.

I dei meir enn fire tiåra som er gått er det blitt mange slike prisar. Nokre namn lyser endå sterkare enn andre: Martin Luther King (1964), Andrei Sakharov (1975), Amnesty International (1977), Lech Walesa (1983), Desmond Tutu (1984), Aung San Suu Kyi (1991) - vi tenkjer særskilt på henne i dag - Rigoberta Menchu (1992) og Nelson Mandela (1993), og altså i år, Shirin Ebadi. I ein slik samanheng skjønar vi betre både kva årets prisvinnar har utretta og kva konsekvensar ein slik pris kan få når han verkar som best.

Tanken om menneskerettar og demokrati vinn fram, sjøl om langsamt. Å praktisera menneskerettar er alltid ei utfordring; det blir stilt store krav til den som ønsker å leva opp til sine ideal. At tanken om folkets rett til å styra gjennom frie valg etter kvart vinn fram i mange delar av verda, er det grunn til å gleda seg over. Samanlikna med for berre 10-15 år sidan har heile Aust-Europa, Russland og fleire andre land i det tidlegare Sovjetunionen, mange statar i Aust-Asia og ikkje minst i Latin-Amerika, og også nokre få i Afrika fått demokratiske styresett. Kanskje kan Den norske Nobelkomite stimulere til ei utvikling som likevel i hovudsak har lokale røtter og forklaringar. Kvart folk må kjempa sin eigen kamp. Men vi på utsida kan gje vår sympati og våre bidrag.

Ebadi er medveten muslim. Ho ser ingen motsetnad mellom islam og fundamentale menneskerettar. Islam er ein mangfaldig religion. Korleis bodskapen om rettferd skal omsetjast i praksis, og korleis mennesket si verdigheit skal forsvarast, er eit viktig spørsmål for dagens muslimar.- Vi vil lytta til alle gode nytolkingar, alle reformforslag. Her har også kvinnenene ei viktig rolle å spela - det er ikkje lenger berre eldre menn som skal tolka denne bodskapen, framhevar mange muslimske kvinner. “Dei som drep i islam sitt namn, dei misbrukar islam”, seier Ebadi. Vi veit at menneskerettar ikkje berre blir krenka i muslimske land. Det kan skje anten regima er religiøse eller sekulære, nasjonalistiske eller marxistiske.

For Ebadi er det derfor ikkje religionen som er den djupaste årsak til problema. - Men uansett bør stat og religion skiljast, etter hennar syn, fordi det politiske rommet skal vera ope for så mange ulike interesser og syn. Ebadi legg vekt på at dialogen mellom dei ulike kulturane i verda må ta utgangspunkt i dei verdiane dei har til felles. Det treng ikkje vera nokon grunnleggjande konflikt mellom islam og kristendom. Derfor var ho så glad for at paven var blant dei første som gratulerte henne med fredsprisen.

Det er mogeleg at fredsprisen på kort sikt kan ha ført til meir ufred enn fred i nokre av heimlanda til fredsprisvinnarane. Men Nobelkomiteens verdsetjing av demokrati og menneskerettar kviler på den tru at på lengre sikt kan ikkje undertrykking halda fram. Ikkje minst i dei siste par tiåra har vi altså sett korleis store delar av verda brått har kasta av seg diktaturet. Undertrykking fører til konflikt. Folk flest vil ganske enkelt ikkje finna seg i “gravlundens fred.” Og eit av dei sikraste funn i moderne statsvitskap er nettopp at demokrati ikkje går til krig mot kvarandre.

Eg appellerer til kvart menneske, kvart folk, kvar nasjon i verda:

La oss saman arbeida for ei betre verd.
La oss byggja fred og hindra krig.
La oss gjera verda til ein betre stad å bu i for ung og gamal.
La oss setja menneskeverdet og menneskerettane i sentrum.
La oss kjempa mot fattigdom og sjukdom i verda.
La rettferd, respekt og samarbeid prega folk og nasjonar over heile verda.
La oss SAMAN realisera draumen om fred i verda.

Som det universitetsmenneske eg er, utfordrar eg alle universiteta i verda til å bli endå tydelegare til å understreka verdas behov for fred, for demokrati og for sosial og økonomisk rettferd.

Kjære fredsprisvinnar Shirin Ebadi,
Vi beundrar innsatsen din for menneskerettane generelt, og særskilt kampen din for rettane til kvinner og born.
Vi beundrar arbeidet ditt for fred utan bruk av vald.
Vi beundrar arbeidet ditt for dialog mellom religionane i verda.
Vi vonar at Nobelprisen kan bidra til at draumen din blir realisert.

La meg til slutt venda tilbake til den store diktaren Rumi, som ønskte å avsløra alt som hindrar oss i å sjå verda som ho er - og som samstundes fortel oss at visjonen eller draumen gjev klårsyn. I diktet, som i norsk språkdrakt ber tittelen “Draumen som må tolkast”, seier Rumi:

og trass i at vi synest å sova, finst det ei indre årvaken stemme som styrer draumen, som til sist skal vekkja oss opp til sanninga om kva vi er.

Den store norske diktaren Olav H. Hauge hadde også ein draum. Han skreiv i 1966 det nydelege diktet: “Det er den draumen” - som eg gjerne vil avslutta talen min med:

 

Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje --
at tidi skal åpna seg
at hjarta skal åpna seg
at dører skal åpna seg
at berget skal åpna seg
at kjelder skal springa --
at draumen skal åpna seg,
at me ei morgon stund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst om.

Gratulerer, Shirin Ebadi, og lukke til vidare!