Kunngjøring

Den Norske Nobelkomite


Nobels Fredspris 2008


Den Norske Nobelkomite har bestemt at Nobels fredspris for 2008 skal tildelast Martti Ahtisaari for den store innsatsen han har lagt ned på fleire kontinent og gjennom meir enn tre tiår for å løyse internasjonale konfliktar. Denne innsatsen har verka til ei fredelegare verd og til "brorskap mellom nasjonane" i Alfred Nobels ånd.

Ahtisaari har heile sitt vaksne liv som finsk embetsmann og president og som internasjonal tenestemann, ofte knytt til FN, arbeidd for fred og forsoning. Dei siste tjue åra har han stått sentralt i forsøka på å løyse fleire langvarige og alvorlege konfliktar. I 1989-90 spela han ei viktig rolle då Namibia fekk sjølvstende; i 2005 stod han og organisasjonen hans Crisis Management Initiative (CMI) sentralt i løysinga av det kompliserte Aceh-spørsmålet i Indonesia. I 1999 og med framhald i 2005-07 arbeidde han under særs krevjande vilkår for å finne ei løysing på konflikten i Kosovo. I 2008 har Ahtisaari gjennom CMI og i samarbeid med andre institusjonar prøvd å finne vegar til ein fredeleg utgang på problema i Irak. Han har også ytt konstruktive bidrag til løysing av konfliktar i Nord-Irland, Sentral-Asia og på Afrikas Horn.

Partane har sjølve det viktigaste ansvaret for å unngå krig og konflikt, men Den Norske Nobelkomite har fleire gonger gitt Nobels fredspris til meklarar i internasjonal politikk. Ahtisaari er i dag ein framståande internasjonal meklar. Han har gjort ein iherdig innsats, oppnådd gode resultat og vist kva for rolle mekling av ulike slag kan spele for løysinga av internasjonale konfliktar. Den Norske Nobelkomite vonar at også andre let seg inspirere av innsatsen og av resultata hans.

Oslo 10. oktober 2008